Høydalsmo Idrottslag ynskjer deg velkommen til ski-o fyste helg i februar!

Postet av Norges Orienteringsforbund den 20. Jan 2025

NM-mellom, NM-sprint, Hovudløp og publikumsløp dei to fyste dagane i februar!



Høydalsmo Idrottslag ynskjer deg velkommen til NM mellom, NM sprint, Hovudløp og publikumsløp helga 1. og 2. februar. 
 
 Høydalsmo er ei lita bygd med om lag 400 innbyggjarar. 
 
 Bygda har likevel klart å gjennomføre to NM ultralang orientering (1976 og 2018), NM på ski nordiske greiner (2002) og mange World cup B kombinert. 
 
 Dette er fyrste gongen eit ski – o løp vert arrangert i Vest Telemark. 
 
 Det er ikkje så lange turen for dei som til dømes bur i Oslo. Det tek om lag 3 timar å køyre til Høydalsmo.  
 
 Til ski-o NM har Høydalsmo IL vore så heldige å få hjelp av ivrige eldsjeler frå Vestfold til å lage løyper og halde styr på resultata. I tillegg er det berre positive grunneigarar og ein solid dugnadsstab i eiga bygd. 
 
 I skrivande stund er det optimale snotilhøve og alt ligg til rette for at det skal bli eit sportsleg vellukka arrangement. 
 
 Arena er Høydalsmo skistadion som ligg ved Høydalsmo skule. Det er gode fasilitetar med dusj/garderobe, matsal, opphaldsrom og premieutdeling inne på Høydalsmo skule.

Litt av motivasjonen for å ta på seg eit slik type arrangement var rett og slett for å prøve å syne ski – o folket eit nytt område i Noreg. 
 
 I tillegg håpar me at nye utøvarar prøvar denne sporten. Arrangementet er for alle sjølv om det har NM status. 
 
 Ordinær påmeldingsfrist er 27. januar.

Me håpar du har lyst til å ta med deg familien og klubben til Høydalsmo. 

Innbydelse:Innbjoding NM skiorientering.pdf
 
 Påmelding: 

https://eventor.orientering.no/Events/Show/20583

 

https://eventor.orientering.no/Events/Show/20584

 




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.