KM i havgapet

27.08.2017 Norges Orienteringsforbund

Kamp om medaljene i Rogaland mellom pyttar, småvatn, knausar og kollar.

 

Full innsats når det handler om KM.

 

 

 

unnamed file

Hektisk på start.

 

I ope kystlandskap med mange pyttar og småvatn, mellom låge knausar og kollar og med til dels purpurfarga lyngblomstring, gjekk årets KM mellomdistanse i Rogaland i helga.

Sveio Orienteringslag stod som arrangør og hadde lagt meisterskapet til Lyngholm, som ligg ytst mot Bømlafjorden, eit kort stykke frå det opne og berykta havstykket Sletta.

"Stadion" blei rigga til på eit sauebeite slik at området måtte forsynast med straum frå eit aggregat, vatn måtte berast fram i plastdunkar og provisoriske toalett måtte setjast opp i utkanten av beitet.

På denne stadion blei det skapt ein intim arena med godt utsyn til løparane sin innspurt frå lagstelta og med småtrollløype like bak. Løype N-open fekk også start inne på arenaen. Dei andre løypene hadde startpunkt 15 minuttars gange frå samlingsplass.

I det opne og småkuperte terrenget hadde løypeleggarane, Thomas Førde og Kjetil Fiskå laga sju ulike løyper med relativt mange postar og ofte retningsforandring.

Aud Hognestad Taksdal og Thomas Natvig Årstad blei begge suverene vinnarar i dei to lengste løypene for høvesvis kvinner og menn. Men ettersom Natvig Årstad, som tidlegare representarte Vaulen O-klubb nå spring for Halden, vart andremann i meisterskapsklassa H-17, Jon Magne Svendsbø frå Vikebygd IL, kåra til krinsmeister for Rogaland.

(forsetter under bildene)

unnamed file

De tre beste for herrer senior.

unnamed file

Medaljevinnerne i herrer senior.

unnamed file

De beste i dameklassen.

I D 13-14 tok Vilde Margrethe Sæbbø frå Stavanger O-klubb ein enda meir suveren siger, medan det blei jamnare i D 15-16 der Janne Tjørhom Åsheim frå Ganddal IL blei krinsmeister.

(fortsetter under bildet)

unnamed file

Pallen i D 15-16.

Aleksander Jørgensen frå Haugesund IL blei klar vinnar i H13-14, medan hans klubbkamerat Sigurd Paulsen Vie vann H 15-16 med god margin.

Under stemnet kom det uventa mye regn, som likevel ikkje såg ut til å leggja nokon dempar på humør og stemning. Arrangøren fekk svært mange gode tilbakemeldingar frå løpararne som rosa både løyper, kart, terreng og arrangement. 

(fortsetter under bildene)

unnamed file

 

unnamed file

 

 

 

I den vesle grenda Lyngholm finst det ingen offentleg parkeringsplass. Men fleire av grunneigarane og huseigarane i grenda opna villig gardsvegar og gardsplassar for parkering, slik at det aldri oppstod problem med trafikkavviklinga.

 

Løyper:


Løype A1 | Løype A2 | Løype A3 | Løype B | Løype C | Løype Ny1 | Løype Ny 2

Resultater

- Eventor