Feiret opning av nytt o-kart med kretsløp og 100 barn på skattejakt!

23.05.2022 Pressemelding

Glede og frustrasjon om kvarandre undervegs – men gildt med sjokomelk og kvikklunsj i premie!



Over: Utsnitt av det nye kartet.
 

Frøyland IL har fått nytt orienteringskart. Dette blei feira med 100 barn som gjekk på skattejakt, og over 100 løparar som deltok på kretsløp i orientering.

Eit herleg mylder av barn som nettopp har lært å gå, usedvanleg spreke pensjonistar og eliten av orienteringsløparar i fylket fyllar skulegarden på Frøyland.

Alle leitar etter skattar eller postar og kjenner på både glede og frustrasjon om kvarandre. 

 

Første gong
Ein av dei som er på orienteringsløp for første gong er Kristian Løvoll Seland (8) frå Orstad. Først tek han ein runde på skattejakt. Han susar gjennom løypa, finn både diamantar og sverd og kan fornøgd ta med seg nokre gullmyntar i premie. Men Kristian har lyst til å prøva ekte orientering også. Han melder seg på i nybegynnerklassen, får ei elektronisk tidtakarbrikke og set ut i eit høgt tempo med mor Kjersti Løvoll i helane. 

- Dette var jo gildt jo, seier han medan han spring mellom post 1 og 2. Han har ingen problem med å finna fram og har tatt ut alt han har av krefter når han kjem til mål som vinnar av klassen sin. Premiane sjokomelk, banan og kvikklunsj gir han nye krefter. 

- Eg kunne sprunge ennå fortare, mamma, seier han! 

 

Lærerikt
Det nye orienteringskartet er eit sprintkart og er godt egna for nybegynnarar med kjente element som fotballbane, skulebygningar, vegar og leikeapparat å orientera seg etter. 

- Me er veldig glade for å ha fått eit så kjekt kart med så høg kvalitet i idrettslaget, seier leiaren av orienteringsgruppa Trine Selvikvåg. 

Kartet er teikna av 17-åringen Anna Taksdal med rettleiing frå faren Oddvar Taksdal i firmaet Skogsopplevelser. Arrangør var Frøyland IL med bistand fra kartfirmaet SkogsOpplevelser.

- Eg har vore spent på kva folk ville synest om kartet, men har bare fått gode tilbakemeldingar, seier Anna Taksdal medan det stadig går folk forbi og skryt av både kart og løyper. 

- Det er veldig kjekt for oss å få arrangera saman med så mange erfarne arrangørar. Det lærer me mykje av. Og så er det flott å få opna kartet med eit løp med så mange lokale ungar, seier premieansvarleg Jonas Bolstad Scheie.