Også KM ultralang på plass!

Alle årets KM er no på plass. Desse er:
- KM natt fredag 9.april i Sveio (felles med Rogaland)
- KM sprint laurdag 8.mai i Bergen (Varegg)
- KM mellom søndag 9.mai i Bergen (Gneist)
- KM lang+stafett helga 4.-5.september i Odda
- KM ultralang søndag 26.september i Samnanger

(01.03.2010)

2 nye år med Elin på topp!

 

På dagens NOF-ting i Trondheim blei det som venta attval på president Elin Sjødin Drange frå Askøy OL. På tinget blei m.a. sykkel-O teke opp som ny grein. Meir nytt frå tinget finn du her og her.

(28.02.2010)

Fortvil ikkje!

Ikkje fortvil, det er faktisk bar mark under all snøen. Som dokumentasjon på dette visast til dagens ferske O-løpsbilete frå Betlehem. Biletet er rappa frå bloggen til Trond Rønneberg.

Veka som var hadde HOK ein sterk eldretropp på plass i Portugal. Resultata finn du her og her.

(25.02.2010)

Grove feil i terminlista

Det er diverre grove feil i terminlista både i siste nr. av Veivalg, og i den lista du finn ved å gå via knappen "Online terminliste" øvst på denne sida eller på NOF-sida. På kort sikt manglar Hordaland OK makt og verkty til å få gjort noko med dette, men vi kjem snart med ei eigaprodusert liste som er korrekt. (18.02.2010)

5 av årets KM er no om sider på plass!

Det er fortsatt uavklarte forhold rundt årets terminliste, men 5 av årets 6 KM er no om sider på plass. Desse er:
- KM natt fredag 9.april i Sveio
- KM sprint laurdag 8.mai i Bergen (Varegg)
- KM mellom søndag 9.mai i Bergen (Gneist)
- KM lang+stafett helga 4.-5.september i Odda
KM natt blir felles med Rogaland, og er fredag i Kristtornhelga.
KM ultralang er enno ikkje på plass, ta kontakt med Torgeir Strand dersom du ønskjer å påta deg dette arrangementet!

(06.02.2010)

Ranking-premiering

Lørdag er det sesongavslutning i Sandslihallen. Se innbydelse her. Merk at o-treningen starter allerede kl 13.00 og at en må melde seg på via HOK-bloggen. Det blir ranking-premiering ihht innbydelse: altså premie til alle under 14 med 3 eller flere løp og alle under 17 med 4 eller flere løp, samt de 3 beste i rankingklassene. Sjekk listen som du finner her. Sjekk spesielt klassen "øvrige" mhp alder. Gi eventuell tilbakemelding til alfonhj@online.no (20.11.2009)

Huttetu 2009.

Resultater fra årets Huttetu finner du i venstremargen eller her. (18.11.2009)

Sesongavslutning laurdag 21.november kl.14

Sjå innbyding her! (10.11.2009)

Jan Kocbach ble kåret til Årets trener.

Jan Kocbach ble kåret til Årets trener under O-gallaen på Stjørdal. Vi her i Hordaland kjenner til betydningen av hans innsats både i Varegg og i Fana og for kretsen. At han nå i 2009 ble kåret til årets trener er veldig fortjent. Vi gratulerer. (08.11.2009)

HOK-rankingpoeng 2009

Desse er no om sider ute (jf. lenke frå venstre marg). Send ei e-melding til rankingføraren dersom du finn noko som du meiner er feil! (29.10.2009)

Nytt kanonløp av Håkon i JEC

Håkon J. Westergård er i kanonform, og bidro i dag til bronse i stafetten. Håkon løp 2.etappe på Noregs ungdomslag i guteklassa. Godt å sjå ungdommar som blomstrar slik på ei helg der klubbmeistarane både i Fana og Gneist er over 50 år...

(25.10.2009)

Knallsterk sprint av Håkon i Tyskland!

Håkon Westergård er i desse dagar på JEC i Dresden i Tyskland. Konkurransane opna med sprint i dag, og Håkon imponerte med å bli best av dei norske med ein knallsterk 2.plass i H17-18. Vi ventar i spenning på laurdagens langdistanse og søndagens stafett. (23.10.2009)

Fortsatt mogleg å jakte på postar!

Trudde du at løpssesongen var slutt etter Blodslitet? I så fall tek du grovt feil! I Bergensregionen arrangerar no laga etter tur sine respektive klubbmeisterskap, og onsdag startar nattcupen. Det er elles mindre enn 4 veker til tradisjonsrike Huttetu, der du finn innbydinga i venstre marg. (20.10.2009)

Nesten for Marit i Blodslitet

Det blei ingen Hordalandske sigrar på Østsiden i Fredrikstad i dag, men Marit Nipen var nærast med sin 2.plass i D50-. Mykje meir om Blodslitet finn du her. (17.10.2009)

Fleire gode løp i Trøndelag!

Fredag var det Håkon J. Westergård sin tur til å imponere i Trøndelag. Grattis med sølvmedaljen! Meir om medaljeløpet og dei andre frå Varegg finn du her. Torsdag var Rune Nygaard best av våre med ein knallsterk 12.plass i den verkeleg klassiske NM-disiplinen. I laurdagens mellomdistanse imponerte Rune Nygaard nok ein gong, medan Håkon J. Westergård nok ein gong blei beste HOK-junior. Søndag er det stafett (11.09.2009)

Resultat frå her og der...

Arrangøren av dagens HOK-rankingløp på Askøy lovar at resultata skal kome i løpet av kvelden. Medan vi ventar, kan vi t.d. lese resultatlista frå gårsdagens KM i Trøndelag. Kanonløp av Morten!!! (06.09.2009)

3 sek. frå medalje i sprint-NM

Håkon J. Westergård var best av våre med 4.plass i H17-18 i laurdagens sprint-NM i Grenland. Håkon var fattige 3 sek. frå medalje. Lasse Solheim tok 8.plassen i same klassa. Av jentene gledar vi oss over Linn K. Gjesdal sin 12.plass i D17-18. Elles merkar vi oss at Agnete Nummedal (no Lillomarka) mangla kun 5 sek. på medalje i D19-20.
I søndagens jr.-NM-stafett blei Vareggjentene nr.9 og Vareggutane nr.17.
Les meir hos Varegg.

(30.08.2009)

VM-gull til Bergen i dag!

Grattis til Ingjerd! (29.08.2009)

Alltid dramatikk i VM stafett

Det var mykje Hordalandsk i årets Vestlandsmeisterskapstafett i Samnanger. Som i fredagens ungarske stafett opplevde vi elles at eit tetlag måtte bryte pga akutt skade i løypa. Vi ønskjer god betring til Hanne Nøvik, og takkar alle gode hjelparar som gjekk inn i Thierry/Anders-rollene! Her er dagens gullmedaljevinnarar : (23.08.2009)

Les mer

HOK-rankingpoeng etter 5 av årets 7 løp

HOK-rankingpoenga etter 5 av årets 7 løp ligg her. Send ein e-post til rankingføraren viss du finn noko som er feil. Neste HOK-rankingløp er søndag 6.september på Askøy. (23.08.2009)

VM både her og der!

I dag hadde verdsmeisterskapen i Ungarn pause etter gårsdagens høgdramatiske stafett, og då nytta vi høvet til å starte årets Vestlandsmeisterskap i Samnanger. Hordaland fekk i dag heile 13 individuelle vestlandsmeisterar (Fana 5, Gular 3, Varegg 2, og BT, Stord og Strand-Ulv 1 kvar). Her er meisterlista :

(22.08.2009)

Les mer

Fleirklubblag i søndagens VM-stafett i Samnanger

Her finn du ei viktig og rykande fersk avklaring om kva som er lov og ikkje lov. Les meir om VM hos arrangøren. (19.08.2009)

Den store KM-helga er i gang!

I fredagskveldens sprint noterar skrivaren seg KM-titlar til Trygve Buanes (Viking), Hildegunn Heggøy (Voss), Ragnhild Lund-Johansen og Lasse Solheim (begge Varegg), Asbjørn Rafdal (Stord) og Anne K. Vikingstad (Gular). Desse og andre får nye KM-sjansar på Bulko i morgon. (14.08.2009)

Haustsesongen er her!

HOK-rankingen (sjå venstre marg) er no oppdatert etter Odda 2-dagars. Neste HOK-rankingløp er allereie 15.august på Voss, men før det er det HL/OLL og KM sprint. F.ø. er fleire av oss pr. no i Skottland eller Tsjekkia.

(06.08.2009)

NM ultralang vel i mål!

Vi gratulerar Odda OL, Eivind Tokheim og alle store og små hjelparar med eit flott og vel gjennomført arrangement i helga! Vi gratulerar også Morten J. Westergård (no Halden) med NM-sølvmedaljen. Best frå HOK i NM blei Rune Nygaard (Gular) og Håkon J: Westergård (Varegg) med 12.plassar i respektive H21- og H17-20. Imponerande både av veteranen og ungguten! Agnete Nummedal (Fana) blei beste jente med 13.plass i D17-20. (02.08.2009)

Alt klart for NM i Odda

Arrangøren har no alt klart for NM ultralang laurdag 1.august. Det er meldt på godt over 200 løparar, og det kjem også mange på Odda 2-dagars. Du kjem vel også?
(29.07.2009)

Les mer

Haustsesongen nærmar seg!

Viss du klikkar på knappen "Innbydelser" i venstre marg, finn du lenking til noko av det som skjer i haust... Først ute er ultralang-NM og Odda 2-dagars, med påmeldingsfrist 29.juli. (21.07.2009)

4 KM og 4 HOK-rankingløp i august/september

Siste avklaringar om kabalen knytt til desse finn du under knappen "KM og HOK-Ranking" i venstre marg. (20.07.2009)

Grattis til Morten!

Sjølv om Morten J. Westergård har flytta austover, oppfattar vi han enno som "vår", og vi gratulerar så mykje med innsatsen i junior-VM, og då særleg med 11.plassen på langdistansen. Her kan du f.ø. høyre hans eigen kommentar til sin individuelle innsats.

(13.07.2009)

Les mer

Vått vervarsel for Dolomittane

Ikkje for å skremme, men yr.no varslar i skrivande stund om veldig våte dagar i Dolomittane i veka som kjem... Vi får håpe det beste... (01.07.2009)

Årets største utanlandsløp

Årets utanlandske arrangement med flest deltakarar frå HOK, synast å bli 5-dagars i Dolomittane, eit arrangement som f.ø. går parallelt med junior-VM i dei same dalføra. På startlistene finn skrivaren meir enn 80 namn frå HOK.

(29.06.2009)

Les mer

5.plass til Agnete i O-festivalen

Resultatservicen frå fredagen haltar diverre litt, men skrivaren har i alle fall merka seg resultata frå H13, med lettbeinte Vareggutar på 2. og 7.

Også laurdag er resultatservicen litt smårufsete, men skrivaren finn desse 4 frå HOK i topp 5 i "A-klassene" :

(27.06.2009)

Les mer

HOK-rankingpoeng etter 3 av 7 løp

HOK-rankingpoenga etter 3 av årets 7 løp er no klare. Du som evt. meiner at noko er feil, melder dette til rankingføraren.

(26.06.2009)

Les mer

Likevel KM ultralang i år!!!

Dagens svært så gledelege kontramelding er at det likevel blir KM ultralang i år. T&IF Viking tek arrangementet søndag 20.september på Mjølfjell i Raundalen i Voss. Som konsekvens av dette flyttast HOK-rankingfinalen til søndag 27.september (dagen etter Stoltzen). Denne rankingfinalen arrangerast i regi av Fana IL på Totland i Bergen. Stor takk frå HOK til Jørn, Memund, Viking og Fana for dei omrokeringane vi no har fått til! Oppdateringar i dei offisielle terminlistene kjem!

(25.06.2009)

Ordinær påmeldingsfrist til hovedløp og o-landsleir er Torsdag 25 Juni.

Link til hovedløpets hjemmeside og innbydelse finner du i venstremargen under Hovedløpet 2009.

(24.06.2009)

, men søndagsløpet i Myrkdalen er kun oppvarming...

...til sommarens definitive O-høgdepunkt i Hordaland, nemleg NM ultralang i Odda. Innbyding m.m. finn du på arrangøren si splitter nye heimeside. NM-helga vil det også vere m.a. HOK-rankingløp i NM-terrenget. Meir om dette kjem etter kvart. (20.06.2009)

2-dagars HOK-rankingløp

Uvanleg nok pågår no eit 2-dagars HOK-rankingløp i Myrkdalen i Voss. Rankingpoenga delast ut etter jaktstarten i morgon. Resultata etter den innleiiande mellomdistansen finn du her. Det ligg an til spanande duellar i mange av klassene. I H15-16 skal t.d. eitt beite på 6 løparar ut på toogeithalvt minutt. I H50- merkar vi oss at favoritten Jan Solli skal ut sekundet bak skrivaren. (20.06.2009)

Morten til junior-VM

Morten J. Westergård er som venta med i troppen til junior-VM i Italia. Vi gratulerar, ønskjer lukke til, og sender ein stor delegasjon sørover for å heie.

(16.06.2009)

Gular best av våre i Venla og Jukola

Grattis til Hanne, Christiane, Birgitte og Anne Kari, som løp inn til 97.plass i Venla. Øvrige HOK-plasseringar i Venla: Gneist 251., Varegg I 292. og Varegg II 409. I Jukola noterer vi Gular 170., Fana 251., Varegg 338., og Gneist 388. Alle våre 44 kom altså velberga gjennom! Hanne Nøvik imponerte mest då ho veksla som nr.4. (14.06.2009)

Du veit om knappen "Innbydelser" i venstre marg?

Under denne finn du m.a. innbydingar til Brakebeinarløpet, Vossagampen og neste HOK-rankingløp. (02.06.2009)

Førebelse rankingtal

HOK-rankingpoenga etter 2 løp ligg mellombels her. Løparar som meiner dei har fått feile poeng eller er plassert i feil klasse melder dette til rankingføraren. Neste HOK-rankingløp blir Gular 2-dagars i Myrkdalen 20.-21.juni, med samanlagtstilling etter jaktstarten 2.dag.

(23.05.2009)

5 lag inne på 1 minutt!

5 lag frå 5 ulike klubbar kom i mål i løpet av eitt minutt i den tradisjonsrike Kompisstafetten i Samnanger i dag. (10.05.2009)

Les mer

KM-vinnarar frå Fana, Gular, Varegg og Voss i Fjell i dag

Frå dagens KM mellom på Bjorøy i Fjell noterar vi oss desse KM-vinnarane :
H17- :  Rune Nygaard (Gular)
D17- :  Hanne Nøvik (Gular)
H15-16 :  Oskar Røen (Varegg)
D15-16 :  Elise Rognsvåg (Fana)
H13-14 :  Mads Claussen (Fana)
D13-14 :  Synnøve Hatland (Voss)
Fleire detaljar finn du her.
Dagens KM var også HOK-rankingløp. Poengstillinga kjem når rankingføraren får områdd seg.

(09.05.2009)

Ungdomssamling på Voss

Hordaland orienteringskrets inviterer til ungdomssamling på Voss 5-7 juni. Innbydelse. (07.05.2009)

Snart klart for ny lokal løpshelg!

Innbydingane til KM mellom laurdag 9.mai og til Kompisstafetten søndag 10.mai finn du begge under "Innbydelser" i venstre marg. (28.04.2009)

Varegg bit frå seg austpå

I Vårstafetten i dag hevda Varegg seg godt i fleire klasser. Særleg nemnast :
10.plass til eit svært ungt lag i H-Open (der f.ø. Morten Westergård løp på vinnarlaget)
17.plass til eit enda yngre lag i D-Open (der f.ø. Iliana Shandurkova løp på vinnarlaget)
5.plass til kjappe herreveteranar.
Det unge 2.-laget i H13-16 var f.ø. kun ei litt for kjapp stempling frå 11.plass. Neste gong har dei tid til å leggje brikken heilt ned.
Les meir hos Varegg eller hos arrangøren. (25.04.2009)

Nye topplasseringar i Norgescupløpet i dag!

I dagens NC-løp i Haugesund fekk vi ein ny dag med gode sprintplasseringar. Særleg noterar vi oss Håkon Westergård (Varegg) med 2.plass i H17-18, Agnete Nummedal (Fana) med 3.plass i D19-20, og Lasse Solheim (Varegg) med 6.plass i H17-18. På seniorsida merkar vi oss Espen Rognsvåg (Fana) på 19.plass.

(04.04.2009)

NM-sølv til Agnete!

Vi gratulerar Agnete Nummedal (Fana IL) med sølv i D19-20 i natt-NM i Haugesund. Det blei f.ø. Raumarvinst i 3 av 4 juniorklasser, og Haldensk i begge seniorklassene. Morten Westergård (no Halden SK) løp inn til 5.plass i H19-20. (04.04.2009)

HOK-rankingsesongen i farta!

Årets første løp i HOK-rankingen blei arrangert på Stord i dag. Komplette resultat finn du her. Rankingpoeng vil ikkje bli rekna og lagt ut før etter 2. og neste rankingløp, som blir KM mellom på Bjorøy 9.mai.

(29.03.2009)

Årets første KM-vinnarar

Då er vi retteleg i gang med O-sesongen, etter at KM natt blei avrunda på Stord fredag kveld. Desse 4 henta inn rykande ferske meisterskapstitlar :
- Agnete Nummedal (Fana IL) i jenteklassa
- Helen Comebacklady Martinsen (IL Gular) i dameklassa
- Andreas G. Polden (Stord IL) i guteklassa
- Magne L. Knudsen (Gneist IL) i herreklassa
I herreklassa var det trangt i toppen. Veteranane Tom E. Eikanger (som alltid på pallen...), Per A. Aadland og Rune Nygaard var alle mindre enn toogeithalvt minutt bak Magne.

(28.03.2009)

Siste nytt om årets KM og HOK-rankingløp

Fleire detaljar rundt 2009-terminlista kom på plass på laurdagens HOK-ting i Ytrebygda. Eit viktig vedtak som blei gjort, er at det, viss ingen søkjar relativt umiddelbart dukkar opp, ikkje blir noko KM ultralang i år. KM-a arrangerast dermed slik :

(22.03.2009)

Les mer

Kretsting avholdes lørdag 21. mars

Hordaland orienteringskrets avholder kretsting lørdag 21. mars kl 14.00. Kretstinget holdes i klubbhuset til Gneist ved Liland idrettspark. Tingpapirer finner du i venstremargen under kretsting eller her: Innkalling, Årsmelding, Revidert regnskap og Terminliste.
Etter kretstinget er det mulighet for o-løp. Se innbydelse til Bergensnatten her. Påmeldingsfrist er i kveld kl 20.00.
Vel møtt til ting og o-løp.

(19.03.2009)

Den nye sesongen er i emning!

Onsdag kjem nattcupfinalen i Bergen, og til helga følgjer NordJysk 2-dages. 10 veteranar frå HOK (BT/Gneist/Voss/Fana) klarte likevel ikkje å vente så lenge, og er no nettopp komne i retur etter 9 løp på 8 dagar i Italia, Montenegro, Kroatia, Bosnia og Serbia. Nokre fekk topplasseringar, andre manifesterte breidda. (09.03.2009)
Produsert av:
n3sport